Suat Derviş

Faktaboks

Suat Derviş
Uttale

su'at d'ærvisj

Født
1903, Istanbul
Død
1972, Istanbul

Suat Derviş er ein tyrkisk forfatter som gav ut 12 romanar på 1920- og 1930-talet. Ho tilhøyrer den første generasjonen som skreiv tyrkisk etter språkreformen, og var ein pioner innan sosialrealismen. Derviş var fødd og oppvoksen i Istanbul, der faren hennar arbeidde som gynekolog. Mora var oppvoksen ved sultanpalasset. Scenene i bøkene hennar er også henta frå storbyen, men skildrar småfolks kår.

På 1940- og 1950-talet var bøkene hennar ikkje tilgjengelege i Tyrkia. Til liks med verka til Nazım Hikmet vart dei forbodne ettersom Derviş vart kjend som kommunist, ikkje minst gjennom ekteskapet med leiaren av det tyrkiske kommunistpartiet, Reşat Fuat Baraner. I 1944 vart dei to arresterte, og Derviş sat eit år i fengsel. I perioden 1953-1961 budde ho i Paris.

Etter kuppet i 1960 vart nokre av bøkene hennar igjen trykte, og dei siste åra er fleire av romanane hennar utgjevne igjen. Dei mest kjende romanane hennar er Fosforlu Cevriye 'Sjølvlysande Cevriye' (1944-1945), Ankara Mahpusu 'Fengsla i Ankara' (1968) og Aksaray'dan Bir Perihan 'Jenta Perihan frå Aksaray' (2014).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg