Artikkelstart
Målkontor var institusjonar i Noregs Mållag som skulle leie og drive målarbeidet i dei regionale arbeidskrinsane.
Norskt maalkontor vart skipa i januar 1900 og hadde både i namnet og gagnet heile landet som arbeidskrins. Målkontoret vart skipa av organisasjonane Målkassa og Det Norske Samlaget og skulle sende ut agitasjonsskrift og ferdatalarar, vere distribusjonssentral for Samlaget og fungere som sekretariat for mållaga og fylkesmållaga. Mykje av desse funksjonane vart overtekne av den nye skrivarstova til Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag frå 1913.
Bondeungdomslaget Ervingen skipa det første regionale målkontoret, Vestlandske målkontor, i Bergen i 1904. Dette vart førebiletet då årsmøtet i Noregs Mållag i 1915 vedtok at det skulle skipast målkontor i alle landsdelar som lekk i ei større organisasjonssatsing. Noregs Mållag utarbeidde sentrale og detaljerte retningslinjer for drifta, og det kom i gang minst ti regionale målkontor: Ålesund (1917), Kristiansund (1919), Trondheim (1920), Hamar (1920), Stavanger (1922), Skien (1922), Harstad (1922), Kristiansand (1929) og Namsos (1935).
Målkontora vart i hovudsak skipa av bondeungdomslaga og mållaga i byane, og dei vart finansierte av forretningsdrifta til laga. Målkontora var likevel underlagde skrivarstova til Noregs Mållag i Oslo, og dei utgjorde såleis i praksis eit parallelt regionalt organisasjonsapparat i målrørsla på sida av fylkeslaga.
Vestlandske målkontor stod for den mest omfattande aktiviteten, og mange av målkontora spela ei viktig rolle i det regionale målreisingsarbeidet gjennom utsending av agitasjonsskrift og ferdatalarar, initiativ til kampanjar, målpolitisk påverknadsarbeid, noko utgreiingsarbeid og ein kontaktfunksjon mellom lokalplan og landsplan i målrørsla. Det varierte kor mykje dei ulike målkontora fekk utretta, og dei vart nedlagde utover i etterkrigstida. Nemninga har seinare av og til vore nytta om sekretariatsfunksjonen til somme fylkesmållag.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.