NRK Nynorsk mediesenter lærer opp nynorskbrukande journalistar i radio, fjernsyn, nett og sosiale medium. Senteret har tre tilsette og held til i Førde.

Nynorsk mediesenter vart etablert i 2004 av NRK. Bakgrunnen for etableringa var ein strid om nedlegging av distriktskontoret i Sogn og Fjordane. Mediesenteret vart lokalisert til Førde, og distriktskontoret fekk halde fram.

NRK Nynorsk mediesenter fungerer som eit strategisk rekrutteringstiltak i NRK, der målet er ha minst 25 prosent nynorsk i det journalistiske innhaldet.

Mediesenteret tek inn to kull i året med fem plassar på kvart. Praktikantane får løn i opplæringstida. NRK Nynorsk mediesenter held og kurs for journalistar i bruk av nynorsk. Sidan starten i 2004 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 195 praktikantar. Frå dei siste ti kulla er 52 prosent framleis i NRK. 30 prosent jobbar i andre medium.

I 2013 vart Nynorsk avissenter etablert i Førde. Dei driv opplæring av nynorskbrukande avisjournalistar. NRK Nynorsk Mediesenter og Nynorsk Avissenter samarbeider om deler av opplegget.

NRK Nynorsk mediesenter held til på Nynorskhuset i Førde som vart opna i juni 2023. Der er og redaksjonen til NRK Vestland, Firda Media, Nynorsk Avissenter og Teater Vestland.

NRK Nynorsk mediesenter er modell for andre liknande senter, til dømes NRK FleRe og Samisk talentprogram. NRK FleRe i Oslo har lært opp fleirkulturelle journalistar sidan 2008. NRK starta Samisk talentprogram i 2020 med mål om å rekruttere samiske journalistar.

Eksterne lenkjer

Litteratur

Grepstad, Ottar (2006) Viljen til Språk. Oslo: Samlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg