Faktaboks

Andreas Takvam
Fødd
4. juni 1993, Fjell

Andreas Takvam er ein norsk volleyballspelar frå Straume i Fjell kommune i Vestland. Takvam spelar profesjonell volleyball for Ślepsk Suwałki i Polen.

Karriere

Norge - England i landskamp volleyball
Andreas Takvam (t.h.) i blokk saman med Jonas Kvalen for Norge i EM-kvalik mot England.
Norge - England i landskamp volleyball

Andreas Takvam slo gjennom i norsk volleyball medan han spelte for Nyborg, der han mellom anna fekk med seg seriegull i 2014. Samme sommaren fekk han tilbod om proffkontrakt frå polske Effector Kielce og tyske TV Bühl, og Takvam valde då å skrive under for den polske toppklubben.

Etter to sesongar i Effector Kielce skreiv han under på ein proffkontrakt med den tyske klubben VfB Friedrichshafen. Dei første to sesongane vann midtspelaren både cupen og grunnserien i Tyskland. I 2018 spelte han play off til sluttspelet i Champions League, men Friedrichshafen tapte på målstreken for polske Zaksa Kedzierzyn-Kozle.

Takvam gjekk i 2019 til den nyopprykte klubben Ślepsk Suwałki i den polske toppserien PlusLiga. Der etablerte han seg som ein sentral spelar på laget. Det var medverkande til at han fire år seinare vart kontakta av Kedzierzyn-Kozle, betre kjend som Zaksa, eitt av dei beste laga i verda.

Sommaren 2023 signerte Takvam på ein kontrakt med Zaksa. Dei hadde då nyleg vunne Champions League for tredje året på rad, og i november det same året vann dei den polske supercupen med Takvam på laget. Nordmannen kom inn då Zaksa låg under i finalen, og var med på å snu kampen mot Jastrzębski Węgiel frå 0-2 til 3-2.

Takvam har i fleire år vore ein sentral spelar på det norske landslaget innandørs. I sandvolleyball har Andreas Takvam teke sølv i U19-VM saman med makker Runar Sannarnes.

Merittar

  • Sølv i U19-VM i sandvolleyball (2011)
  • Norsk seriemeister (2014)
  • Vinnar av tysk supercup (2016, 2017 og 2018)
  • Vinnar av tysk cup (2017 og 2018)
  • Vinnar av grunnserie Bundesliga (2017 og 2018)
  • Vinnar av polsk supercup (2023)
  • Play off til finalerunden i Champions League (2018)

Klubbar som spelar

  • Sotra, Noreg (-2009)
  • Nyborg, Noreg (2009-2014)
  • Effector Kielce, Polen (2014-2016)
  • VfB Friedrichshafen, Tyskland (2016-2019)
  • Ślepsk Suwałki, Polen (2019-2023)
  • Kedzierzyn-Kozle, Polen (2023-)

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg