Korsfestelsesscenen fra Life of Brian
Korsfestelsesscenen fra Life of Brian. Av /NTB. Begrenset gjenbruk

Monty Python

Monty Python, 1975

Graham Chapman, Michael Palin og Terry Jones, tre av de seks skaperne av Monty Python, 1975.

Monty Python, 1975
Av /NTB.
Monty Python, 1999
Michael Palin, Terry Jones, John Cleese og Terry Gilliam på 30-årsjubileet for Monty Python i oktober 1999.
Monty Python, 1999
Av /NTB.

Artikkelstart

Monty Python var ei britisk komikargruppe som fornya britisk humor.

Faktaboks

Uttale
mˈånti pˈaiþn

Gruppa blei etablert i 1969 av dei seks humoristane Graham Chapman, John Cleese, Terry Gilliam, Terry Jones, Eric Idle og Michael Palin. Gruppa kom saman for å lage det som blei programserien Monty Python's Flying Circus (1969–1974) på BBC. Parallelt med og etter fjernsynsserien kom det fleire filmar, mellom anna Life of Brian (1979) og The Meaning of Life (1983).

Etter at fjernsynsserien var over, fekk alle medlemene av gruppa betydelege solokarrierar som humoristar på fjernsyn, film og scene. Fleire av medlemene har òg gjort prosjekt saman. Blant dei mest kjende prosjekta er Hotell i særklasse og A Fish Called Wanda. I november 2014 samla dei fem attlevande medlemene, Cleese, Gilliam, Jones, Idle og Palin, seg og laga sceneshowet «One Down – Five to Go».

Stil

Humoren til gruppa kan karakteriserast som surrealistisk, svart og satirisk. I motsetnad til tidlegare humorgrupper var ikkje parodien eller utvikling av faste typekarakterar det sentrale, men det humoristiske i kvardagen. Dei underheldt og provoserte ved å pirke i det som blei teke for gitt.

Monty Python kunne også provosere. Spelefilmen Life of Brian (1979), som gjorde narr av den kristne Messias-forteljinga, blei forboden i Noreg i januar 1980, og filmen blei marknadsført i Sverige med han var så morosam at han vart forboden i Noreg. Seinare same hausten fekk filmen igjen premiere i Noreg, med 18-årsgrense, skriftleg forklaring om at andre enn Jesus blei krossfesta i Romarriket, og utan norsk teksting til dei delane av filmen som hadde satiriske spark til Bergpreika. I 2004 blei filmen relansert i Noreg med 11-årsgrense, utan åtvaringar og med teksting av heile filmen.

Påverknad i Noreg

Med fysisk komikk, absurde vitsar og evne til å sjå det satiriske i kvardagen fornya Monty Python ikkje berre den britiske humoren, men også den norske. Fleire norske komikarar lét seg inspirere til å utvikle ny norsk humor på scenar og i fjernsynet.

Humorgruppa Prima Vera, med Herodes Falsk, Tom Mathisen og Jahn Teigen, er kanskje den gruppa som i størst grad har teke Monty Pythons humor til scena og til plateutgivingar i Noreg. KLM, med Trond Kirkvaag, Knut Lystad og Lars Mjøen, spreidde Monty Python-humoren til norske stover gjennom fjernsynsseriane sine. Også seinare norske komikarar, mellom anna Harald Eia, har uttalt at Monty Python er det største komiske førebiletet deira.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg