Medeo-banen
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Sovjetunionens skøytelag 1951
Sovjetunionens skøytelag på Medeo-banen i 1951.

Medeo-banen er ein skøytebane som ligg i Medeodalen ved storbyen Almaty i Kasakhstan.

Frå midt på 1950-talet og fram til omkring 1990 var dette den mest berømte skøytebanen i verda. Banen ligg 1691 meter over havet og er såleis ein klassisk høgfjellsbane. Kombinasjonen av tynn luft og gagnlege vindforhold, samt (sidan 1973) eit avansert vatnings- og frysesystem, gjorde banen til den ideelle rekordbanen for skøyteløparar i fleire tiår.

Rekordbane

På Medeo-banen blei det sett verdsrekordar på alle dei klassiske skøytedistansane, det vil seia 500 meter, 1000 meter, 1500 meter, 3000 meter, 5000 meter og 10 000 meter. Då Boris Sjilkov i 1955 noterte 7.45,6 på 5000 m, heile 21 sekund under den offisielle verdsrekorden, skapte det stor sensasjon. Denne og andre tider same året bidro til den glansen som det skulle koma til å stå rundt Medeo-namnet.

På 1950-talet var mange skeptiske til tidene som blei oppnådde på Medeo-banen, og det blei spekulert rundt alt frå for raske russiske klokker til at banen ikkje hadde dei rette internasjonale måla. At banen i fleire år berre var reservert for skøyteløparar frå austblokka bidrog til at skepsisen var stor hos mellom anna norske skøyteleiarar. Med unntak for ein svensk visitt i 1963 fekk ikkje vestlege skøyteløparar ta banen i bruk før 1970. Opninga mot Vesten rydda vekk tvilen om dei gode eigenskapane til banen ein gong for alle.

På 1960-talet var banen lite i bruk på grunn av jordskjelv- og rasskadar. Men i perioden 1970–1972 blei den modernisert med kunstis, vatnrensing og ny bygningsmasse. Moderniseringa blei den gongen rekna til å ha kosta cirka 200 millionar norske kroner. Etter dette og fram til innandørsbanane opna sist på 1980-talet var Medeo utan samanlikning den raskaste skøytebanen i verda.

Medeo var standardbane for sovjetmeisterskap frå starten i 1951, men har berre hatt tre internasjonale meisterskap: EM for kvinner i 1974 og 1984 med høvesvis nederlandske Atje Keulen-Deelstra og austtyske Gabi Schönbrunn som vinnarar, og VM for menn i 1988, med Eric Flaim frå USA som vinnar.

Forfall

Etter at Sovjetunionen fall i 1991 forfall òg Medeo-anlegget. For den unge republikken Kasakhstan blei kostnadene med å halda ved like og vidareutvikla banen for store. Almaty søkte om å få dei olympiske vinterleikane i 2014, og i samband med dette blei det føreslått at Medeo skulle vera konkurransestaden for skøyteløpa. Almatys søknad nådde ikkje opp. Det er lansert planar om å gjera Medeo-banen om til ein skøytehall på linje med Thialf stadion i Heerenveen og Vikingskipet på Hamar.

Nokre kjende verdsrekordar på Medeo

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arne Porsum og Ole-Jacob Jorsett: Skøyterevyen '77, Oslo 1976.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg