Lex superior-prinsippet er eit prinsipp som rangerer ulike typar rettsreglar etter nivå. I norsk rett går Grunnlova føre formell lov som igjen går føre forskrift. Dette prinsippet blir også kalla for trinnhøgdeprinsippet, og ein seier at Grunnlova, formell lov og forskrift har ulik trinnhøgd.

Faktaboks

Også kjend som

trinnhøgdeprinsippet

Rettskjeldeprinsipp

Lex superior-prinsippet er eit rettskjeldeprinsipp om forholdet mellom rettsreglar. Etter lex superior-prinsippet skal den rettsregelen med høgast rang gå føre motstridande rettsreglar med lågare rang, uavhengig av om den lågare rettsregelen er nyare og spesielt anvendeleg på rettsspørsmålet.

Trinnhøgda til rettsreglar i Noreg

Trinnhøgda til rettsreglane blir bestemt i utgangspunktet av kva kompetansereglar dei er gitt i medhald av. Grunnlova har høgast rang. Formelle lover er gitt i medhald av Grunnlova §§ 76 og følgjande, og må difor vika for ein motstridande regel i Grunnlova. Tilsvarande er forskrifter gitt i medhald av formell lov, og må vika for motstridande reglar i formell lov. Reglar gitt i medhald av same kompetanseregel har same rang.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Torstein Eckhoff og Jan E. Helgesen, Rettskildelære, 5. utgåve, Universitetsforlaget: Oslo 2001.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg