Johan Fredrik Voss

Faktaboks

Johan Fredrik Voss
Født
29. juli 1883, Arna
Død
1966

Artikkelstart

Johan Fredrik Voss var ein norsk skulemann, målmann og ordbokforfattar.

Både faren og farfaren var sokneprestar, og farbroren var skulemannen Peter Christian Voss.

Voss studerte tysk i Oslo og Leipzig. I Oslo var han aktiv i Studentmållaget og var formann der i 1906.

Etter Voss vart cand.philol. i 1908, skipa han Volda private millomskule og gymnas i 1910 og var skulestyrar der frå starten og fram til 1917. Han var lektor ved Voss landsgymnas 1917–1922 og deretter rektor ved Eidsvoll landsgymnas fram til 1945. Han vart avsatt som rektor på grunn av medlemskapen i Nasjonal Samling.

Frå 1917 til 1926 var Voss redaktør for Norsk pedagogisk tidsskrift. Han var òg medlem av fleire offentlege skulekommisjonar. I 1933 gav han ut ei tysk-norsk ordbok, og han skreiv fleire skulebøker for tyskfaget. Han var òg den første bladstyraren for Heimsyn, ei spalte som mållaget hadde kvar veke i avisa Den 17de Mai.

Voss var medlem av Nasjonal Samling frå 1940, og Eidsvoll landsgymnas fekk rykte på seg for å vere eit NS-gymnas. I 1945 vart han avsett som rektor.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg