HEIRNET er ein internasjonal organisasjon skipa i 2004 med føremål å dela og diskutera forsking om føremål for, innhald i og metodar i historieopplæringa, og om kulturminneformidlinga og medborgaropplæringa for menneske mellom 3 og 25 år. Interesse- og aktivitetsfeltet er historiedidaktikk i vid tyding. Organisasjonen har både individuelle medlemer og organisasjonar som medlemer, og dei som er aktive i HEIRNET er i hovudsak lærarutdannarar for eller praktiserande lærarar i historiefaget.

Aktivitetar

HEIRNET organiserer ein årleg internasjonal konferanse, den fyrste av desse var i Ambleside i England i 2004. Dei fleste av dei seinare konferansane har vore i Europa, for eksempel i Hellas, Nord-Irland, Spania og Sverige, men det har og vore internasjonale HEIRNET-konferansar i Brasil og Sør-Afrika.

History Educators International Research Network gjev ut det vitskaplege tidsskriftet The History Education Research Journal, frå 2018 har tidsskriftet vore drive i samarbeid med University College London Institute of Education Press. Tidsskriftet publiserer empiriske og teoretiske forskingsartiklar om læreplanar i historie, historieundervisning, historielærar og utdanning av historielærarar, historisk literacy, historiedisiplinen, historia til historiefaget og grensesnitta mellom utdanning og offentleg historie. Artiklane kan vera nasjonalt orienterte eller ha internasjonal samanlikning som siktemål.

Les meir i Store norske leksikon:

Eksterne lenkjer:

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg