Hans Engelsen Eide

Faktaboks

Hans Engelsen Eide
Født
8. mai 1965, Voss, Vestland
Hans Engelsen Eide med sølvmedaljen frå OL i Calgary i 1988.
Hans Engelsen Eide
Av /NTB Scanpix.

Artikkelstart

Hans Engelsen Eide er ein norsk tidlegare skiløpar, og gründer. I OL i 1998 kom han på andreplass i kulekøyring (freestyle), og grunnla seinare ski- og klesfirmaet Skigutane.

Engelsen Eide er fødd på Voss i Hardanger, og fullførte Voss Gymnas 1984. Han var på landslaget i kulekøyring i ti år, frå 1984 til 1994, og var i alt med i 100 verdscuprenn. Han vann tre av desse, og var på pallen i fjorten renn. I 1991 kom han på andreplass samanlagt i verdscupen, i 1989 på tredjeplass og i 1990 på fjerdeplass. I OL i Calgary i 1988, då kulekøyring var demonstrasjonsgrein, kom han på andreplass. Han var òg med under Lillehammer-OL i 1994, og vart då nummer femten. Han gjekk til topps i noregsmeisterskap åtte gonger, og blei tildelt kongepokalen i 1991.

I 1989 grunnla han firmaet Skigutane. I 2010 selde Engelsen Eide det meste av aksjane sine i Skigutane til Holta invest, men han er framleis tilsett i selskapet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg