Fulgencio Yegros

Faktaboks

Fulgencio Yegros

Fulgencio Yegros y Franco de Torres

Født
1780, Quyquyhó
Død
17. juli 1821, Asunción
.
Lisens: fri

Artikkelstart

Fulgencio Yegros var ein militæroffiser, politikar og første statsleiar i Paraguay etter at landet blei uavhengig frå Spania 14. mai 1811.

Yegros var fødd inn i ein velståande familie av spansk avstamming, og studerte ved militærskulen i Asuncíon. I 1801 blei han fenrik i den spanske kolonihæren, i det som då var Visekongedømmet Rió de la Plata. Seinare kjempa han mellom anna mot dei britiske invasjonane av Rió de la Plata (1806–1807).

Yegros spelte ei sentral rolle i lausrivingsprosessen frå Spania frå 1810. Saman med José Gaspar Rodríguez de Francia blei han etter frigjeringa av landet valt til konsul av Paraguay – etter inspirasjon frå den franske revolusjonen. Han var konsul frå 19. juni 1811 til 12. oktober 1813 og igjen frå 12. februar 1814 til 12. juni 1814.

Som konsul fekk han ei mindre framtredande rolle enn Francia, som blei den dominerande av dei to. Og i 1814 valte så kongressen i landet Francia aleine til konsul med absolutt makt. Yegros trakk seg då tilbake frå politikken ei tid.

I 1920 var Yegros involvert i eit mislykka kuppforsøk mot Francia. Han blei sett i fengsel, der han døydde året etter. I Paraguay blir Yegros i dag rekna som ein landsfader.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg