Etne (tettstad)

Artikkelstart

Etne er ein tettstad i Etne kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,4 km², og har 1323 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Også kjent som

Etnesjøen

Innbyggertall
1323 (SSB, 2021)
Landareal
1,4 km²
Tettstedsnummer
5011 Etne

Etne er administrasjonssenter i Etne kommune og er ein av dei største tettstadene i Sunnhordland. Tettstaden ligg ved E134, ved Etnepollen, inste delen av Etnefjorden. I tettstaden Etne er det noko industri, særleg verkstadindustri. I sentrum er det ein statue av Magnus 5. Erlingsson, konge 1161–1184, som kom frå Etne.

Kart

Etnesjøen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg