Faktaboks

David Wechsler
Uttale
wˈekslə
Fødd
10. januar 1896, Lerspetzi, Romania
Død
2. mai 1981, New York, USA
David Wechsler, 1955
David Wechsler, 1955
Av /New York University. School of Medicine 𝒲.
Lisens: CC BY 4.0

David Wechsler var ein amerikansk psykolog. I forskinga si konsentrerte Wechsler seg om kjenslereaksjonar, haldningar og intelligens. Særleg viktig er dei standardiserte intelligensprøvene hans. Variantar av desse er òg laget tilpassa norske forhold.

Wechsler's Adult Intelligence Scale, third edition (WAIS-III) er ein av dei mest kjende intelligenstestane for vaksne og består av ei rekkje språklege og praktiske oppgåver. WAIS er den mest brukte intelligenstesten i Noreg.

Wechsler's Intelligence Scale for Children, third edition (WISC-III), som blir nytta for barn i alderen 6–16 år, og Wechsler's Preschool and Primary Scale of Intelligence, revised (WPPSI-R) for 4 til 6 år gamle førskulebarn, er dei mest brukte intelligenstestane for barn i Noreg.

Wechsler publiserte fleire vitskaplege avhandlingar. Hans hovudarbeid er The Measurements of Adult Intelligence frå 1958.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg