Alfred Binet

.
Lisens: fri

Binet-prøva var den første praktisk brukbare intelligensprøva for barn. Ho vart utarbeidd i 1905 av den franske psykologen Alfred Binet i samarbeid med legen Théodore Simon.

Prøva blei revidert i 1908 og 1911. Ein kjent amerikansk revisjon, Stanford/Binet blei gitt ut av Terman i 1916 og den første norske omsetjinga kom i 1931 (Oslo-prøvene). Intelligenstestar blir òg i dag konstruerte stort sett i tråd med Binets prinsipp.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg