Ballklubb Tromsø vart raskt ein av dei dominerande klubbane i Noreg. Berre fem år etter at klubben såg dagens lys, rykte herrelaget i 1980 opp til 1. divisjon, som den gongen var landets øvste divisjon. Allereie i 1981 vart dei noregsmeistrar for første gong. Deretter tok laget fire nye NM-titlar på rad, og dei vart seriemeistrar tre gongar i den same perioden.
Heimekampane samla 700-800 tilskodarar, og BK Tromsø spelte på 1980-talet fleire europacupkampar med mellom 2000 og 3000 tilskodarar på tribunane.
Kommunen la i denne perioden forholda godt til rette for det sportslege, ved at klubben fekk adgang til anlegg og gunstige treningstider. På midten av 1980-talet stilte BK Tromsø med 11-12 lag i seriespel.
Utover på 2000-talet har klubben igjen vore blant dei beste i Noreg. BK Tromsø vann serien i 2004 og 2007. Laget har og blitt noregsmeistrar med jamne mellomrom, etter at dei igjen vann NM-finalen i 2003. BK Tromsø har totalt ti kongepokalar for herrar. Klubben er med det den mestvinnande i NM på herresida i Noreg.
Sesongen 2019–2020 hadde BK Tromsø for første gong lag i den øvste divisjonen også for damer. Klubben var då representert med lag i eliteserien både for damer og herrar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.