Artikkelstart
Svein Arild Jakobsen var ein norsk volleyballspelar frå Dyrøy i Troms og Finnmark. Han står med flest landskampar i volleyball for menn i Norge. Jakobsen har fleire cup- og seriegull.
Svein Arild Jakobsen var ein norsk volleyballspelar frå Dyrøy i Troms og Finnmark. Han står med flest landskampar i volleyball for menn i Norge. Jakobsen har fleire cup- og seriegull.
Svein Arild Jakobsen byrja karrieren i barndommen i Brøstadbotn. I 1980 reiste han til Tromsø for å gå lærarskulen. Han vart då ein viktig spelar for BK Tromsø, som snart var det beste laget i landet. I perioden 1981 til 1985 vart tromsøværingane norgesmeistrar fem år på rad. I same periode vart dei seriemeistrar tre gongar.
Jakobsen var sentral då BK Tromsø på det meste trekte opp mot 4000 tilskodarar i Gyllenborghallen, mellom anna då dei i 1983 møtte det greske storlaget Panathinaikos i europacupen.
I 1986 var Jakobsen tilbake moderklubben då Brøstadbotn spelte seg opp i eliteserien. Det resulterte i fleire cupfinalar. To av dei enda med NM-gull.
Svein Arild Jakobsen har med sine 132 kampar rekorden i tal landskampar for det norske herrelandslaget i volleyball. Han var i ein periode også assisterande landslagstrenar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.