Artikkelstart
Audun Nilsskog var ein norsk forfattar og lyrikar frå Vefsn i Nordland.
Han debuterte med Det svarte berget i 1965. Det er naturdikt med ein eksistensiell undertone. Samlinga Hjulet og hjarta (1975) har den same kombinasjonen naturbilete og livsalvor, litt i slekt med lyrikken til Vesaas. I Slipesteinen (1986) handlar det om barndom og oppvekst i Nordland i eit forsøk på å halda fast barnets særlege opplevingsmåte.
Han blei tildelt Blixprisen i 1983.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.