Engroshandel er handel med større vareparti til vidareforhandlarar eller til produsentar for bruk i produksjonen, eller til storforbrukarar som sjukehus og hotell.

Engroshandelen har grunnlaget sitt i at distribusjonskostnadene blir mindre ved at varene blir omsette og blir transporterte i størst moglege parti. Grossisten held varelager og fører vanlegvis mange slags varer frå ulike produsentar, som blir tilbodne detaljisten, gjerne ved utsende prislister, men det finst grossistar som omset ein enkelt produsents varer.

Sidan 1980-åra har varehandelen i Noreg utvikla seg i retning av meir forpliktande samarbeid mellom grossist- og detaljistleddet (sjå detaljhandel).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg