Helvete i Gausdal
Helvete i Gausdal
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Helvete er eit trongt gjel ved søraustenden av Espedalsvatnet i Gausdal kommune, Innlandet. Gjelet er om lag 100 meter djupt. Her er ei eineståande samling av opptil 60 meter djupe og 20 meter vide jettegryter. Ein del av juvet er éi stor jettegryte som kan ha vore 100 meter djup og 40 meter vid.

Jettegrytene vart truleg danna ved slutten av siste istid, då Espedalsvatnet var ein del av eit større isdemt innsjøsystem som ved avsmeltinga brått vart tappa sørover, til vatnet fekk det noverande avløpet sitt nordover til Vinstra.

Kart

Helvete
Helvete
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg