Faktaboks

Changde

kinesisk: 常德市

Changde er ein by i det søraustlege Kina, i provinsen Hunan, ved Yuan-elva nær utløpet i innsjøen Dongting, 185 kilometer nordvest for Changsha.

Byen har 861 000 innbyggjarar (2021) og er ei viktig elvehamn og eit handelssenter for korn, tungolje og bomull. Byen har noko lettindustri, og det er brytning av tinn i området.

Changde blei utsatt for store øydeleggjingar i 1943 under motstandskrigen mot den japanske okkupasjonen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg