Talassinkolibri
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Talassinkolibri er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Colibri thalassinus
Beskriven av
(Swainson, 1827)

Som vaksen veg fuglen rundt fem gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, jordbruksland, fuktig tropisk skog, og fuktig og høgtliggjande tropisk buskmark. Talassinkolibri lever av nektar som han finn i skogen og i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

talassinkolibri
Colibri thalassinus
Artsdatabanken-ID
177174

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg