Svartnebbkakelar
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 3.0

Svartnebbkakelar er ein fugleart i kakelarfamilien og har naturleg utbreiing i Aust-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phoeniculus somaliensis
Beskriven av
(Ogilvie-Grant, 1901)

Vaksne hannar veg rundt 82 gram og hofuglane rundt 63 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk skog, tørr tropisk buskmark, og ferskvasskjelder og oasar. Svartnebbkakelar lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svartnebbkakelar
Phoeniculus somaliensis
Artsdatabanken-ID
177643

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg