Svarthokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Svarthokko er ein middels stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Costa Rica og Panama.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chamaepetes unicolor
Beskriven av
Salvin, 1867

Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang og veg rundt 1,1 kilo.

Arten er knytt til tropisk fjellskog. Svarthokko lever av frukt som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svarthokko
Chamaepetes unicolor
Artsdatabanken-ID
174389

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg