Svartbrystmango
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Svartbrystmango er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Anthracothorax nigricollis
Beskriven av
(Vieillot, 1817)

Som vaksen veg fuglen rundt sju gram.

Arten er knytt til jordbruksland, fuktig tropisk buskmark, urbane område og fuktig tropisk skog. Svartbrystmango lever av nektar som han finn i tre og i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svartbrystmango
Anthracothorax nigricollis
Artsdatabanken-ID
177196

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg