Stortinamu er ein fugleart i tinamufamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Tinamus major
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1789)

Som vaksen veg fuglen rundt éin kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog og jordbruksland. Stortinamu lever i hovudsak av frukt, frø og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

stortinamu
Tinamus major
Artsdatabanken-ID
174125

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg