Solparakitt
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Solparakitt er ein middels stor papegøyefugl i papegøyefamilien og har naturleg utbreiing i Brasil og Guyana.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Aratinga solstitialis
Beskriven av
(Carl von Linné, 1758)

Som vaksen veg fuglen rundt 120 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog og tørr savanne. Solparakitt lever av frukt som han finn i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

solparakitt
Aratinga solstitialis
Artsdatabanken-ID
178928

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg