Småtinamu
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Småtinamu er ein fugleart i tinamufamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Crypturellus soui
Beskriven av
(Hermann, 1783)

Som vaksen veg fuglen rundt 210 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, jordbruksland og fuktig tropisk buskmark. Småtinamu lever i hovudsak av frukt, virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 19 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

småtinamu
Crypturellus soui
Artsdatabanken-ID
174130

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg