Rubintopas
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Rubintopas er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chrysolampis mosquitus
Beskriven av
(Carl von Linné, 1758)

Som vaksen veg fuglen rundt 4,3 gram.

Arten er knytt til tørr savanne, tørr tropisk buskmark, jordbruksland, urbane område og overfløymd tropisk grasmark. Rubintopas lever av nektar som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

rubintopas
Chrysolampis mosquitus
Artsdatabanken-ID
177192

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg