Purpurstrupesolengel er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Ecuador og Peru.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Heliangelus viola
Beskriven av
Gould, 1853

Vaksne hannar veg rundt seks gram og hofuglane rundt 4,4 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, høgtliggjande tropisk buskmark og sterkt endra tropisk skog. Purpurstrupesolengel lever av nektar som han finn i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

purpurstrupesolengel
Heliangelus viola
Artsdatabanken-ID
177212

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg