praktketsal
Praktketsal er nasjonalfuglen i Guatemala. Den finnes også i flere land i Sør-Amerika.

Praktketsal er ein fugleart i trogonfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pharomachrus mocinno
Beskriven av
de la Llave, 1832

Som vaksen veg fuglen rundt 200 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, beitelandskap, og fuktig og høgtliggjande tropisk buskmark. Praktketsal lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

praktketsal
Pharomachrus mocinno
Artsdatabanken-ID
177593

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg