Nettbank er banktenester som blir utførte via internett. Dette kan omfatte tenester som kontooversikt, betaling av rekningar, pengeoverføringar, søknader om lån, og handel av fond og aksjar.

Innføringa av nettbank gjorde at rutineprega transaksjonar kunne gjennomførast etter sjølvbeteningsprinsippet, og førte til store innsparingar for både bank og kunde.

Sparebanken Hedmark og Landsbanken var i september 1996 tidleg ute med slike tenester i Noreg. I dag tilbyr alle norske bankar nettbank-funksjonalitet.

Det er lagt ned mykje arbeid i teknologi som gjev både kunden og banken vern mot misbruk. Desse tryggingstiltaka omfattar i hovudsak ulike typar eingongspassord og kryptert samband mellom kunde og bank.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg