Mauritiusparakitt
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Mauritiusparakitt er ein middels stor papegøyefugl i parakittfamilien.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Psittacula eques
Beskriven av
(Boddaert, 1783)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 130 gram og hofuglane rundt 160 gram.

Arten er ein planteetar som lever av frø og plantedelar som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 23 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Mauritiusparakitt lever vanlegvis i rundt 34 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mauritiusparakitt
Psittacula eques
Artsdatabanken-ID
178588

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg