Mankeand
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 2.0

Mankeand er ein middels stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Australia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chenonetta jubata
Beskriven av
(Latham, 1801)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 810 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, urbane område, tørr tropisk skog, dammar og ulike våtmarkshabitat. Mankeand lever av plantedelar som han finn på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mankeand
Chenonetta jubata
Artsdatabanken-ID
174249

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg