Lavendeltukan er ein stor spettefugl i tukanfamilien og har naturleg utbreiing i Colombia, Ecuador og Peru.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Andigena hypoglauca
- Beskriven av
- (Gould, 1833)
Vaksne hannar veg rundt 340 gram og hofuglane rundt 290 gram.
Arten er knytt til tropisk fjellskog. Lavendeltukan lever av frukt som han finn i skogen, i buskar og i tre.
Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.