Langnebbstjernestrupe
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Langnebbstjernestrupe er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Heliomaster longirostris
Beskriven av
(Audebert & Vieillot, 1801)

Som vaksen veg fuglen rundt sju gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, jordbruksland og fuktig tropisk buskmark. Langnebbstjernestrupe lever av nektar som han finn i tre og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 19 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

langnebbstjernestrupe
Heliomaster longirostris
Artsdatabanken-ID
177368

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg