Kubasmaragd er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing på Cuba og på Bahamas og Turks- og Caicosøyane.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Chlorostilbon ricordii
- Beskriven av
- (Gervais, 1835)
Som vaksen veg fuglen rundt 3,4 gram.
Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, jordbruksland, urbane område, tørr og fuktig tropisk buskmark, og høgtliggjande tropisk grasmark. Kubasmaragd lever av nektar som han finn i skogen og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.