Kjepphest er eit omgrep som i overført tyding blir brukt om ei oppfatning eller ein idé som ein er for oppteken av, stadig snakkar om eller legg for stor vekt på. Det blir brukt i faste uttrykk som «å ri kjepphesten sin», altså det å stadig hevde ei viss oppfatning.
Faktaboks
- Også kjent som
-
tysk Steckenpferd, engelsk hobby horse (om leiketøyet)
Døme: «Ho rir kjepphesten sin» tyder at ho har éi sak som ho er veldig oppteken av og stadig snakkar om. Eit kjent døme er Cato den eldre, som alltid avslutta innlegga sine i det romerske senatet med «elles meiner eg at Karthago bør øydeleggjast», same kva temaet for debatten var.
Opphavet til ordet er eit leiketøy som består av ein kjepp med hestehovud, og som blir brukt til å late som ein rir på. På engelsk heiter kjepphest hobby horse. Dette omgrepet har sidan gitt oss ordet hobby i tydinga 'føretrekt aktivitet, fritidsinteresse, favorittaktivitet'.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.