kverulant

Artikkelstart

Kverulant er ein person som heile tida uttrykkjer usemja si, som kranglar om småting og bagatellar; ein person som kverulerer. Kverulantar er ofte påståelege personar som har lett for å føle at det blir gjort urett mot dei, og som forlanger oppreisning og unnskyldningar.

Faktaboks

Uttale
kverulˈant
Etymologi
av latin querulus, ‘klagende’

Eigenskapen kan vere meir eller mindre konstant (konstitusjonell) og er då ofte knytt til spesielle personlegdomsanlegg, gjerne sårbarheit og eller å vere nærtakande kombinert med egosentrisitet og høgt aggresjonsnivå.

Eigenskapen kan elles ha bakgrunn i at ein har opplevd urettferd og vore møtt med uforstand som ein av ulike grunnar ikkje har fått oppreisning for, og som fører til ei varig psykologisk fiksering på denne krenkinga som då gjerne utviklar seg til å bli alt livet dreier seg om.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg