Guyanahokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Guyanahokko er ein middels stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ortalis motmot
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 470 gram og hofuglane rundt 380 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, sterkt endra tropisk skog, og tørr og fuktig tropisk buskmark. Guyanahokko lever av frukt som han finn på bakken, i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

guyanahokko
Ortalis motmot
Artsdatabanken-ID
174363

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg