Gullnakkespett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Gullnakkespett er ein middels stor spettefugl i spettefamilien og har naturleg utbreiing i Costa Rica og Panama.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Melanerpes chrysauchen
Beskriven av
Salvin, 1870

Som vaksen er fuglen ca. 18 cm lang og veg rundt 55 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, jordbruksland og tropisk fjellskog. Gullnakkespett lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar og i tre.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. elleve dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gullnakkespett
Melanerpes chrysauchen
Artsdatabanken-ID
178228

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg