Gullkronesmaragd
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Gullkronesmaragd er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Mexico.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chlorostilbon auriceps
Beskriven av
(Gould, 1852)

Som vaksen veg fuglen rundt 2,8 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk skog, jordbruksland, urbane område og tørr savanne. Gullkronesmaragd lever av nektar som han finn i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gullkronesmaragd
Chlorostilbon auriceps
Artsdatabanken-ID
177442

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg