Gnistkolibri er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Costa Rica og Panama.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Selasphorus scintilla
- Beskriven av
- (Gould, 1851)
Som vaksen veg fuglen rundt 2,1 gram.
Arten er knytt til jordbruksland og tropisk fjellskog. Gnistkolibri lever av nektar som han finn i skogen og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 23 dagar. Ungane forlèt reiret om lag sju veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.