Galvanoskop er eit elektrisk måleinstrument for å registrere elektrisk straum og å vise retninga på straumen. Det er spesielt kjenslevart og eigna til å påvise svake straumar. Instrumentet skil seg frå eit galvanometer ved at det berre er kvalitativt, det vil seie at det er utan ein gradert skala.

Faktaboks

Uttale
galvanoskˈop

Galvanoskop blir brukt som null-indikator, til dømes ved måling av elektrisk spenning med eit potensiometer og elektrisk motstand (resistans) ved hjelp av Wheatstones bru.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg