Fingerslag er eit slag på ballen med begge hender i volleyball. Vanlegvis er fingerslaget brukt til å slå ballen opp i lufta for ein medspelar, som så kan smashe ballen over nettet.

Fingerslag blir utført ved at hendene formar ein trekant mellom tomlane og pekefingrane, der spelaren skal treffe ballen. Før sjølve slaget sviktar spelaren lett i kneleddet, samstundes som han bøyer hofte- og olbogeleddet. I det utøvaren slår ballen, rettar han seg ut og sender frå seg ballen i ein mjuk bevegelse med begge hender.

Fingerslaget er det mest nytta slaget for oppleggjaren og andre som legg opp ballen for angriparane på laget i volleyball.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg