Digitalarkivet er Arkivverkets internetteneste for publisering av digitaliserte arkivkjelder. Tenesta er gratis, og materialet omfattar i første rekke folketeljingar, manntal, kyrkjebøker, tinglysingsmateriale og skiftemateriale. Digitalarkivet hadde i 2016 cirka 1,5 millionar unike brukarar.

Folketeljingar

Folketeljingane er tilgjengelege i søkbar transkribert form og gir oversyn over personar busette i landet med opplysningar om mellom anna bustad, yrke og familiestatus. Folketeljingane frå 1801, 1865, 1891, 1900 og 1910 og 1920 omfattar heile landet. Dei andre teljingane frå 1800-talet er ufullstendige og dekkjer berre delar av landet.

Kyrkjebøker

Kyrkjebøkene er tilgjengelege i skanna form og gir opplysningar om fødde og døypte, konfirmerte, ektevigde, og døde og gravlagde personar. Dei skanna utgåvene er forsynt med register, men berre ein del av dei er søkbare på personnivå. Det publiserte materialet omfattar heile landet, og dekkjer hovudsakleg tida frå første del av 1700-talet til 1920-1945. Nyare kyrkjebøker vil bli tilgjengelege etter kvart som teieplikta for opplysningane opphøyrer.

Digitalpensjonatet

Digitalpensjonatet er ei teneste under Digitalarkivet som gir einskildpersonar og organisasjonar høve til å publisere arkivkjelder som dei sjølve har transkribert. Sidan 1999 har om lag 350 bidragsytarar nytta denne tenesta.

Historikk

Digitalarkivet vart lansert i 1998 som eit samarbeidstiltak mellom Arkivverket og Historisk institutt ved Universitetet i Bergen, som alt på 1970-talet hadde registrert 1801-folketljinga. Arkivverket tok samtidig over ansvaret for Teleslekt, som hadde registrert delar av 1865- og 1891-teljingane. Teleslekt var ei betalingsteneste for slektshistoriske opplysningar som var oppretta av Televerket i 1993 og overtatt av Nasjonalbiblioteket i 1996.

Arkivverket overtok eineansvaret for drifta av Digitalarkivet i 2003.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg