Caucahokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Caucahokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Colombia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Penelope perspicax
Beskriven av
Bangs, 1911

Som vaksen er fuglen ca. 80 cm lang og veg rundt 2,1 kilo.

Arten er knytt til tropisk fjellskog og jordbruksland. Caucahokko lever av frukt som han finn i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 26 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

caucahokko
Penelope perspicax
Artsdatabanken-ID
174375

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg