Busktinamu er ein fugleart i tinamufamilien og har naturleg utbreiing i Argentina, Bolivia og Paraguay.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Nothoprocta cinerascens
Vaksne hannar veg rundt 480 gram og hofuglane rundt 580 gram.
Arten er knytt til jordbruksland, tørr savanne, tørr og høgtliggjande tropisk buskmark, og tørr, overfløymd og høgtliggjande tropisk grasmark. Busktinamu lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt ni egg som blir ruga ut i løpet av ca. 19 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.