Amerikasothøne er ein middels stor tranefugl i riksefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Sør- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Fulica americana
Beskriven av
Johann Friedrich Gmelin, 1789

Vaksne hannar veg rundt 690 gram og hofuglane rundt 540 gram.

Arten er knytt til ulike våtmarkshabitat og strandeng/strandsump. Amerikasothøne er ein planteetar som lever av frø og plantedelar som han finn under vatn og i vassoverflata.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 23 dagar. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Amerikasothøne lever vanlegvis i rundt 22 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

amerikasothøne
Fulica americana
Artsdatabanken-ID
154920

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg