Amboltsky er ei karakteristisk form av høge fjørskyer, cirrus, med utsjånad som ein ambolt, som opptrer i toppen av ei bygesky, cumulonimbus.

Amboltskyene er samansette av iskrystall som verkar fiberaktige og slørete, medan bygeskyene er jamnare i kantane og mykje mørkare. Amboltforma er berre mogleg å sjå frå avstand. Slike skyer kan få dei spektakulære mamma- eller mammatusskyene på undersida.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg