Ratt er eit amerikansk heavy metal-band danna i Hollywood i 1981. Bandet var viktig for det kommersielle gjennombrotet til heavy metal i Nord-Amerika. I rockehistoria er dei rekna som å stå nær Mötley Crüe, men med nedtona glam-estetikk og kvassare egg; musikalsk kan dei forklarast som ein kombinasjon av Aerosmith, Van Halen og Judas Priest.

Bandmedlemmar

Det klassiske bandet bestod av Stephen Pearcy (vokal), Warren deMartini (gitar), Robbin Crosby (gitar), Juan Croucier (bass) og Bobby Blotzer (trommer).

Bandet har røter i San Diego som går attende til 1973, og opptrådde i perioden 1976–1981 som Mickey Ratt. I løpet åra før gjennombrotet var musikarar som Jake E. Lee (seinare Ozzy Osbourne, Badlands), Claude Schnell (Dio), Chris Hager og Matt Thorr (båe Rough Cutt) innom bandet.

Hovudperiode

Bandet lanserte ein sjølvtitulert EP i 1983, og debut-plata Out of the Cellar året etter. Den fyrste hit-singelen deira, «Round and Round», gav dei ikkje berre det store gjennombrotet sitt, men var av dei fyrste heavy metal-songane som blei mykje spela MTV, og var difor med på å leggja grunnlaget for at genren fekk stor kommersiel oppslutnad på andre halvdelen av 80-talet.

Sidan kom albuma Invasion of Your Privacy (1985), Dancing Undercover (1986), Reach for the Sky (1988) og Detonator (1990). Samtlege album gjorde det bra, men trass i at bandet gradvis fekk eit meir kommersielt uttrykk greidde dei aldri å nå salstala til debutalbumet att.

Etter 1990

På 90-talet forsvann bandet frå rampeljoset, men eit halvvegs utskifta band greidde å gje ut albumet Ratt (1999). Crosby fekk HIV og Aids på 90-talet, og døydde av ein heroinoverdose i 2002.

Bandet hadde ei suksessfull gjenforeining nokre år seinare, med Carlos Cavazo (Quiet Riot) til å fylla skoa til Crosby og med Robbie Crane på bass. Albumet Infestation (2009) blei godt motteke, og gav bandet ny vind i segla. Tida etter dette har diverre vore prega av rettslege tvistar og munnhoggeri i media, og av det klassiske bandet er no berre Pearcy og Croucier att.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg